Grøn Bjørnafjord

Innovasjonsprosjektet som skapar grøn vekst!

Kva er Grøn Bjørnafjord?

Grøn konkurransekraft er eit stort satsingsområde globalt, nasjonalt og regionalt. Men korleis kan vi tenke miljø lokalt, samstundes som vi skal skape fleire arbeidsplassar og auke verdiskapinga i eiga verksemd? Med eit tverrfagleg fokus, eit breitt og profesjonelt nettverk og skreddarsydd oppfølging, er målet med "Grøn Bjørnafjord" å bli eit fyrtårnprosjekt for næringsliv som ynskjer å utvikle grøn konkurransekraft.