Deltakarar 2020

Kven kan delta?

Kriterium for bedriftsdeltaking i Grøn Bjørnafjord:

  • Sterk motivasjon for å skape grøn vekst og redusere klimaavtrykk
  • Minst fire personar, og maks ti, må vere aktive deltakarar frå bedrifta/samarbeidsbedriftene i bedriftsprosjektet
  • Deltaking i prosjektet må vere godt forankra i leiinga i bedrifta
  • Bedrifta må vere registrert i Bjørnafjorden kommune (dette gjeld ikkje samarbeidspartnarar)
  • Bedrifta må vere open for å dele sine erfaringar med prosjektet

Det er ingen krav til bransje eller sektor. Om verksemda jobbar med til dømes turisme, landbruk, bygg og anlegg, industri, produksjon, kultur, sal, service, transport eller hav og fiske, er det motivasjon for grøn satsing som er viktigast. 

Kva får bedrifta di ut av deltaking i Grøn Bjørnafjord?

Deltaking i dette prosjektet vil utfordre di bedrift til å svare på: 

  • "Korleis kan mi verksemd skape grøn vekst?" 
  • "Korleis kan mi verksemd redusere klimaavtrykket sitt?"
  • "Kva er vår strategi for å møte FNs bærekraftsmål?"

Deltaking i prosjektet vil gi verdifull kompetanse, framtidsretta fokus, eit breitt nettverk utover kommunegrensa og moglegheit til å realisere eige prosjekt med eit fagleg tilpassa nettverk og rammeverk.

Følg med frå januar 2022 for ny sjanse til å vera med!