Kvifor Grøn Bjørnafjord?

Med eit klima i endring blir fleire og fleire bedrifter utfordra til å tenkje grøn omstilling for å kunne nå dei ambisiøse krava til reduserte CO2- utslepp nedfelt i Parisavtalen. Vestland fylkeskommune har sett som mål å bli eit nullutsleppssamfunn allereie i 2030. Det er berre 10 år til!

Bjørnafjorden kommune er ein av fem kommunar som har sett seg same mål om nullutslepp som fylkeskommunen. Grøn Bjørnafjord-prosjektet er eitt av fleire tiltak kommunen set i gang for å gå frå ord til handling. Prosjektet vil legge til rette for at næringslivet i kommunen kan satse endå meir på grøn næringsutvikling, og utvikle grøn konkurransekraft i samspel med eit fagleg breitt nettverk. Ved deltaking i prosjektet vil di bedrift få tilgang til skreddarsydd kompetanseheving, god oppfølging og ressursar som kan vere med å drive fram og utvikle bedrifta sine eigne idear til grøn vekst. 

I august 2019 innvilgde Hordaland fylkeskommune (no Vestland fylkeskommune) nesten 800 000 kroner til prosjektet, og frå 2020-2023 er målet at 24 bedrifter vil kunne få delta og testa eigne prosjekt med målsetting om å redusere klimaavtrykket sitt, skape grøn vekst og auke verdiskapinga. I 2020 vil prosjektet si faglege ressursgruppe velje ut fire bedrifter. Sjå meir informasjon om deltaking her. 

Frå Miljødirektoratet sin strategi 2020-2025:

"FNs 17 bærekraftsmål er verdens felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, bekjempe ulikhet, stoppe klimaendringene og beskytte miljøet innen 2030. Flere av bærekraftsmålene handler om ansvarsområdene våre. De er "den høye himmelen" for alt vi gjør. Det samme er Norges internasjonale miljøforpliktelser og nasjonale miljømål. Vi står overfor store utfordringer framover: Norge skal omstilles til å bli et lavutslippssamfunn. Vi skal tilpasse oss klimaendringene, ivareta økosystemene og hindre tap av naturmangfold. Vi skal utvikle en sirkulær økonomi som ikke sprer miljøgifter og tar vare på ressursene".

Kva inneber deltaking i prosjektet?

I 2020 er det berre fire prosjekt som blir valde ut av prosjektet si faglege ressursgruppe.

Bedrifta di treng ikkje ha ein grøn idé frå før for å søke. Men de må ha ein tydeleg motivasjon til å tenke grøn omstilling, og motivasjonen må vere godt forankra i bedrifta.

For å søke må bedrifta di

  • vere registrert i Bjørnafjorden kommune
  • sjå moglegheiter for å nå eitt eller fleire av FNs berekraftsmål, redusere utsleppa sine eller tenke  heilt nytt for å skape miljøvenlege løysingar som kjem samfunnet til gode

Prosjektet er delt inn i tre fasar:

1) Idéutvikling (mars - mai)

Alle deltakarar får tilbod om ei økt i Innolab, med idé- og prosessrettleiarar som vil utfordre dykk til å tenke nytt og bistå bedriftene i å lande sine eigne realistiske og gjennomførbare grøne idéar.

Når alle fire bedriftsprosjekta har landa ein grøn idé som dei ynskjer å utvikle og implementere, vil det bli kopla på mentorar med relevant fagkunnskap og kompetanse innan dei ulike bedriftsprosjekta. Gjennom bedriftsbesøk og rettleiing vil vegen vidare for kvart enkelt bedriftsprosjekt bli kartlagt. 

2) Implementering (mai- oktober)

Bedriftsprosjekta vil få tilbod om ulike tenester som kan hjelpe dei med å realisere og implementere prosjektet:

  • Digitalt møte med ressursgruppa
  • Introduksjon til breitt regionalt og nasjonalt nettverk (verkemiddelapparat, FoU-miljø, næringsaktørar)
  • Kompetansehevande tiltak som er relevante for gjennomføring av ideen
  • Bedriftsbesøk frå kompetansemeklarar frå Høgskulen på Vestlandet
  • Kvart bedriftsprosjekt får tildelt 30 000 kr som skal dekke spesifikke prosjektkostnader (til dømes konsulenthjelp, studietur, kurs, relevant utstyr)
  • Bistand til søknad om eksterne prosjektmidlar

3) Evaluering og vegen vidare (oktober- desember)

Evaluering og rådgiving vil vere gjennomgåande for prosjektet, og det vil bli laga ein eigen prosjektrapport som presenterer alle bedriftsprosjekta. Det vil vere eit ekstra fokus på å vise framgang for eige prosjekt i denne siste fasen, og deltakarar får moglegheit til å, mellom anna:

  • Pitche (marknadsføre) sitt prosjekt for eit klimapanel
  • Vere gjenstand for forsking i bachelor og masteroppgåve ved UiB og HVL, kor problemstilling blir formulert av bedrifta sjølv
  • Gjennomføre evalueringsprosess og få ekspertråd for vegen vidare med bedrifta sitt prosjekt

Prosjektet blir avslutta med ei eiga samling for deltakarane, kor nettverksbygging, kunnskaps- og erfaringsutveksling og delingskultur står høgt på agendaen.

Alle bedriftsprosjekta får eigen plass på www.gronbjornafjord.no